mandag 26. oktober 2015
Kvar dag på skulen er det folk som er redde for å seie noko
og bidra i timane på skulen. Dette bidrar til at dei ikkje lærer mykje, kvifor
er dei redde? Det er ofte klassemiljøet skyld i. På skulen kan det være at du
ikkje trivst med dei du går i klasse med og kanskje ikkje har noko til felles
med dei. Eg meiner at det ikkje burde ha noko og seie, i timane handlar det jo
ikkje om kven som likar og gjere det og det, det handlar om og kunne lære og ha
det gøy, sjølv om vi er forskjellige. Det
dei kanskje er redde for er at det er folk som dei ikkje kanskje er så mykje
med, som bidrar til at det kan vera skummelt og snakke høgt, kome med meining
og andre liknandes ting.
Korleis
kan me unngå dette? Vi kan sette reglar som gjer at det ikkje er lov å le av andre, det
er jo eigentlig ikkje lov nå heller men nokon gjer det for det, då kan å le i
timane bli handtert på ein betre og kanskje strengare måte? Vi kan bli meir
kjent med kvarandre, visa at det ikkje er noko og være redd for? For å kunne
lære burde det være ei god stemning mellom elevane, men me må passa på at det
ikkje går for langt. Viss det går for langt kan det hende at det blir fort
mykje meir uro i timane og tøys. Korleis kan me setta ein strek? Kanskje ikkje
heilt godt og seie men elevane kan kanskje bli betre på det sjølv?
Eg sjølv vil at vi kan diskutere med kvarandre utan at nokon blir ledd av for meininga deiras. Ein anna ting kan være at vi skal kunne ha arbeidsro når vi arbeidar, men kanskje kviskre med sidemannen.
torsdag 15. oktober 2015
Menneskerettane
Menneskerettane går ut på at eit kvart menneske skal føle seg trygge. Dei skal føle seg trygge uansett basert på seksualitet, rase, nasjonalitet, alder eller religion. Desse rettigheitane er veldeg viktige for oss mennesker. Trist nok, er det ikkje sånn i alle land. Derfor er det så bra at FN jobber med og få rettane tilgjenelig til flest moglege land. Å få dette til er spesielt vanskelig i land ramma av krig.Desse rettane er alt frå at barn skal ha rett til og gå på skule, ha ein jobb, sikkerheit, ytringsfridom (retten til og seie kva du sjølv meinar utan og angripe ein enkelt) til friheit frå overgrep.
I utgangspunktet lever dei fleste i Noreg ganske godt, dei fleste har ein plass og sove, mat og får gå på skule. Mens i andre land kan heile livet ditt bli spolert av ein krig som ikkje gjer noko nytte. Fleire fæle og dårlige ting må folk kvar dag tenkje, tåle og oppleve. Tenk deg om, hadde du likt det, hadde du makta det?
OD-dagen 2015
Den 29. Oktober skal elever i alder 13 til 19 år i Noreg samle inn penger på OD-dagen,OD-dagen står for "operasjon dagsverk" og arrangerer at barn i Noreg skal samle inn penger til forskjellige organisasjoner. På OD-dagen skal vi jobbe ein dag mot betaling. I år går pengane vi samlar inn gå til organisasjonen Amnesty. Som dei fleste i Noreg er vant med er at vi bestemmer over vår eigen kropp, men sånn er det ikkje for alle, I Argentina, Chile og Peru er det nokon som blir nekta abort, informasjon om prevensjon og prevensjon. Dette året skal vi gje pengane vi samlar inn til Amnesty Internatinals arbeid om at ungdommen i disse landa (Argentina, Peru og Chile) skal få bestemme over deiras eigen kropp, seksualitet og at dei skal bli behandla med respekt og verdigheit.
Dette året har eg og ei klassevennine spurt i Haugland Gardsbarnehage om å få jobbe der. Haugland Gardsbarnehage er ein privat barnehage som ligger på Haugland. Sist år var vi same plassen, då jobba me med koselige barn i ein koselig barnehage. Barnehagen er i grunnen ein naturbarnehage, barnehagen er på ein gard så det skal berre til. I barnehagen er vi omringa av dyr, alt frå høns til kyr.
Dette blir gøy! Eg syntest at det er gøy at vi i Noreg som har så mykje kan gje noko tilbake. Eg gleder meg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)