mandag 26. oktober 2015

Klassemiljø

Kvar dag på skulen er det folk som er redde for å seie noko og bidra i timane på skulen. Dette bidrar til at dei ikkje lærer mykje, kvifor er dei redde? Det er ofte klassemiljøet skyld i. På skulen kan det være at du ikkje trivst med dei du går i klasse med og kanskje ikkje har noko til felles med dei. Eg meiner at det ikkje burde ha noko og seie, i timane handlar det jo ikkje om kven som likar og gjere det og det, det handlar om og kunne lære og ha det gøy, sjølv om vi er forskjellige. Det dei kanskje er redde for er at det er folk som dei ikkje kanskje er så mykje med, som bidrar til at det kan vera skummelt og snakke høgt, kome med meining og andre liknandes ting.

Korleis kan me unngå dette? Vi kan sette reglar som gjer at det ikkje er lov å le av andre, det er jo eigentlig ikkje lov nå heller men nokon gjer det for det, då kan å le i timane bli handtert på ein betre og kanskje strengare måte? Vi kan bli meir kjent med kvarandre, visa at det ikkje er noko og være redd for? For å kunne lære burde det være ei god stemning mellom elevane, men me må passa på at det ikkje går for langt. Viss det går for langt kan det hende at det blir fort mykje meir uro i timane og tøys. Korleis kan me setta ein strek? Kanskje ikkje heilt godt og seie men elevane kan kanskje bli betre på det sjølv? 

Eg sjølv vil at vi kan diskutere med kvarandre utan at nokon blir ledd av for meininga deiras. Ein anna ting kan være at vi skal kunne ha arbeidsro når vi arbeidar, men kanskje kviskre med sidemannen.

Dette er sånn eg syntest eit klassemiljø burde være.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar