onsdag 4. november 2015

Ungdomskultur
Du visste kanskje at det finnes fleire ulike kulturar, men visste du om dei små? Dei som går på alder, interesser og klede? Etter krigen eller meir presist, 1950, vaks det fram ein ny kultur. Denne kulturen kom av at folk begynte og tene meir, dei hadde råd til og halde barna heime lengre enn alder 15, dei hadde råd til og unne seg godar. Denne kulturen vaks spesielt fram i Amerika. Denne nye kulturen gjekk ut på at ungdommar var ei eiga gruppe, å være ungdom gjekk ut på at du ikkje var ein unge lenger men du var heller ikkje ein vaksen.

Mange tente på denne nye kulturen. Det blei spesiell mat og drikke produsert som skulle berre være retta mot ungdom, spesielle klede,  musikk og mykje meir. Mange ungdommar begynte og høyre på rock, dette var ein type musikk som kan bli relatert med at undommane skulle være ville i ungdomstida, dei skulle leve og ha det gøy!


Det er ikkje mykje som har endra seg frå ungdomskulturen anna at ein kanskje høyrer på ulik musikk eller bruker annleis klede. Sjølvsagt har det kome ein rekke nye ting inn i ungdomskulturen i tillegg til dei gamle tinga. I dag så bruker vi fortsatt klede som er retta ungdom, vi et og drikk fortsatt ting som er retta mot oss og vi høyrer fortsatt på musikk som vaksne ville kalla absurd. Noko som er nytt er dei sosiale mediar. Enten det er på apper eller nettsider som sån Instagram, Facebook eller twitter. Her skal du ha så mange likes eller så mange følgare. Mange ungdommar tenkjer at viss dei får 100 likes på eit bilde vil dei ha større sjanse for og  bli akseptert av ulike folk dei ynskjer og passe inn med. Men går det faktisk på det? Skal det ikkje gå på om man er hyggelige og den slags? 












http://shinasmith.blogspot.no/2013/05/the-american-teenager-of-1950s.html 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar