fredag 6. november 2015

Ungdom og kropp

Du ser det i blader, du ser det i reklamer, du ser det overalt; vakre plettfrie menneskjer med den så kallet «draumekroppen». Draumekroppen er ein idé vi har om korleis menneskekroppen burde være, dette har blitt inspirert av dei retusjerte bildane av modeller som til dømes er på forsider eller reklame. Modellane ser faktisk ikkje sån vi får oppfatning av, dei har ikkje plettfri hud, dei har ikkje så djupe kinnbein, så fine og beine tennar og dei har ikkje så perfekt hår til vanleg. DEI ER IKKJE PERFEKTE! Ingen er jo eigentleg perfekte, alle har minst ein liten feil med seg sjølv. Men det er slik eit kroppspress vi kjenner, det er normalt. Korleis kroppen vå ser ut kan kanskje til og med ha med genar og gjere, viss den personen har så tynn midje så kan ein annan ikkje få like tynn midje uansett kva ho gjer, sidan det går på genar. På gutar handlar det om noko anna, da skal guten ha ein kraftig kropp, flotte tennar, skarpe ansiktstrekk og ein rekke andre ting.  Kroppspress kjem på begge kjønn og det er ein sann plage.


I ungdommen tenkjer vi spesielt mykje på dette, her skal vi klare og passe inn. Vi lurer oss sjølv med at den einaste måten vi kan passe inn er og ha like tynn kropp som den og den personen. Eller at vi skal ha like mykje musklar som dei andre. Eg ville sagt at det med kroppspress er mykje større i ungdommen enn det er i andre aldrar.

Det som etter kvart kan kome etter alt dette presset er eteforstyrringar og megareksi. Eteforstyrrelse og megareksi går på psykisk helse, uansett om du er tynn eller muskuløs er alt det du ser i spegelen noko som ikkje er godt nok. Anoreksi og bulimi går begge på å være tynne. Når du er bulimikar kan du ete mykje eller lite, men det du gjer er og kaste det opp. På denne måten slepp du og motstå freistingar og kan ete kor mykje du sjølv ynskjer. Dette er på inga måte noko bra og gjere, kroppen treng jo fett for og fungere. Når du etter kvart blir tynnare og tynnare får du kanskje så tynne bein at det er slitsamt og gå. Anoreksi er eigentlig at du ikkje et noko, eller i alle fall ein veldig liten del. Så har vi megareksi, da vil du stadig ha større og betre kropp. Du er ganske ein veldig stor og muskuløs person men du ser berre at du er liten, musklene dine er nesten ikkje der tenkjer du. Du kan trene kvar dag og det mange personer som lider av megareksi begynner på er dop. Dei dopar seg for at dei skal bli betre.


Etter mi meining syntes eg alle kan for min del sjå korleis dei sjølv ønskjer, uansett om du er høg, lav, stor, liten, muskuløs kva enn du kjem på. Eg syntes det burde gå ein strek mellom stor (som er greitt) og sjukelig overvektig (som ikkje er greitt), det skal gå ein strek over folk som trener for moro og dei som trener for og bli større, når dei allereie er store og muskuløse, det skal og gå ein strek mellom tynn og veldig tynn. Så lenge kroppen din er sunn og ikkje ein fare for deg sjølv syntes eg du kan sjå ut korleis du sjølv ynskjer.

Bildekjelder:'
http://alimentacaoequilibradasempre.blogspot.no/2013/02/o-que-e-vigorexia.html 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar