fredag 6. november 2015

Alkohol
Alle alkoholhaldige drikker inneheld etanol. Å drikke kjem frå fleire år tilbake, det var noko man drakk ved fest og andre spesielle anledningar. Nå for tida har det blitt meir og meir vanleg og drikke alkohol i kvardagen, dette kan føre til avhengigheit og ein stor pengeslukar.  Ein person som drikk før dei blir 18år skal ha 7 gonger større risiko for og bli alkoholavhengige innan ti år enn ein som tek til og drikke først etter 21 år (Ekeland, s. 73).

Kvifor drikk vi alkohol? Det er kanskje noko du drikkar som skal vere kult? Noko som viser at du er vaksen og kan ta ei øl når du vil? Kanskje det handlar om og vise at du har råd til og drikke det merke i vekedagen, noko som kan gjere deg glad når du er trist, noko som hjelper deg og kome i festmodus? Eg tenkjer at alle har forskjellige tankar i forhold til dette, nokon gjer det pga. alle andre gjer det og nokon andre gjer det for fornøyelse. Uansett kva forhold du har til dette må du alltid vere klar over konsekvensane. Du må kunne sette streken, stoppe etter det og det glaset. Ikkje la det gå for langt! Ikkje gjer sån at må ha eit glas kvar dag, ikkje la alkohol ta alle pengane dine, ikkje gjer det berre for og vere kul.


Når ei gravid kvinne drikk alkohol kjem alkoholen i blodet til både mora og fosteret som gir fosteret same promille som mora. (Ekeland, s. 72). Promille betyr tusendel som vil si at en tusendel av blodet er alkohol. Dette gjer at vi kan bli påverke, og det fort! Man kan måle promille med pusteprøve og blodprøve (Ung.no). Fosteret kan få skader av alkoholinntaket til mora og barnet kan bli født med alvorlege alkoholskadar. Grunnen til at disse skadane kan oppstå er fordi i fosterstadiet til barnet blir alle nervecellene i hjernen danna, dersom fosterhjernen er påverka av alkohol i slike periodar kan både bygnaden og funksjonen til hjernen bli alvorleg skada. Dei alvorlege skadane kan vere lærevanskar, konsentrasjonsvanskar og barna kan fungere dårleg sosialt (Ekeland, s. 72-73).

Kjelder:
·        * Ekeland, Per Roar m f.l., Tellus 9, Aschehoug, 2007

Bildekjelder:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar